CLICK HERE FOR THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES »

mandag 8. februar 2010

Sjangervalg(nynorsk)

I denne bloggoppgåva har vi fått i oppgåva å velje to skriftlege sjangrar.

Dette er eit litt vanskelegg val. Det kan også ha mykje å seie for korleis vidare tentamen og eksamen går. Men eit naturleg førsteval for meg er artikkel. Dette fordi eg har skrive en del tekster på denne skriveforma, og fordi eg kjenner at eg er betre i denne skriveforma enn i mykje anna. Eg kjenner også at artikkelforma har noen betre retningslinjer for skriveforma enn det mange andre har. Ein skal skrive objektivt, og ein slippar å tenkje på skildringar, metaforar etc. Derfor valte eg artikkel.

Den andre skriftlege sjangrane eg har valt, er essay. Dette fordi eg har litt erfaring med dette tidlegare. Eg føler heller ikkje at essay er ein så utfordrande tekst. Kvart fall når det kjem til reglar for teksten. Som til dømes i novelle, må ein ha kort handlingsreferat, få hovudpersonar etc. Så med dette i tankane vil eg nok fordyre meg i artikkel og essay skriveforma.


http://patrickeriksson.blogspot.com/2010/01/sjangervalg.html

0 kommentarer: