CLICK HERE FOR THOUSANDS OF FREE BLOGGER TEMPLATES »

søndag 30. august 2009

Are Kalvø

Are Kalvæ er fødd i 1969 og er etter meininga mi ein god norsk forfattar. Onsdag 26/08 var Are Kalvø hos oss på Sandvika vidaregåande. Frå før av hadde eg ikkje tenkt på, eller hørt om Are Kalvø som ein type komikar. Dette var litt overraskande. Eg vil kvart fall seie at han prøvde å vere ein type komikar under opphalde her på Sandvika, framfor å vere ein seriøs forfattar. Eg trudde dette showet kom til å bli veldig kjedelegg og firkanta. Altså berre snakk om bøkene hans, og korleis han skriv osv. Men der tok eg feil, fordi han snakka kanskje om bøkene og sånn, men på ein sånn måte at det blei greitt. Han la inn mye humor, noko som gjorde det mykje lettare å følgje med. Ein lærte faktisk noko og. Han fortalde også mye om seg sjølv i ungdommen sin, med ein morosam vri. Eg vil ikkje kalle showet hans kjempe morosamt, men nok til at det blei ok å høre på. Terningkast på denne framferda blir nok 4.


Bildet er hentet fra dropboxen til Ingunn.

0 kommentarer: